Teneste · Engineering
Løysingar konstruert for akkurat ditt behov.
Når standardutstyr ikkje strekk til, konstruerer og utviklar vi løysinga saman med deg – og produserer ho i eigen verkstad.

01
Kundetilpassa løysingar
Vi startar med problemet ditt, ikkje med ein katalog. Løysinga blir forma etter korleis anlegget og drifta di faktisk fungerer.
02
Konstruksjon og utvikling
Frå skisse og mål til ferdig teikning – med praktisk verkstaderfaring inn i kvart val.
03
Spesialtilpassa delar
Vi produserer delar etter kunden sitt behov, også der originaldelar er vanskelege å skaffe.
04
Tett samarbeid
Kort veg mellom den som teiknar, den som produserer og den som monterer. Det gir færre overraskingar.

Engineering i praksis
- Kartlegging hos kunde
- Konstruksjon og teikning
- Produksjon i eigen verkstad
- Montasje og oppfølging
Turnestanden for motorblokk er eit døme: konstruert, sveisa og maskinert for éin bestemt oppgåve.
Neste steg
Har du eit oppdrag eller ei utfordring?
Fortel oss kva du treng – så finn vi ei løysing saman. Ring +47 56 59 43 43 eller send oss ei melding.
